Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg med etiketten Nettverk

Blokker ICMP frå enkelt-adresser i LAN (Win10)

Windows 10 (og bakover til Windows XP SP2) har ein innebygd brannmur som kan filtrera nettverkstrafikk. Om du forstår litt av TCP, UDP, ICMP, source IP, etc., så heng du kanskje med på denne: Blokker ping frå enkelte IP-adresser i lokalnettverket Om Windows-PCen er kopla til eit lokalt nettverk og til dømes har ei IPv4-adresser, kan ein annan nettverkstilkopla maskin (eller eining) senda ping-pakker (ICMP) som Windows-PCen svarar på. Denne andre kan då sjå at PCen din er på og operativ. Om du vil, kan du blokkera for ICMP i Windows-brannmuren. Du kan også blokkera for enkelte IP-adresser. Då kan andre få ping-svar frå deg, mens du blokker for nokon få. Framgangsmåten Søk opp Windows Brannmur via Windows-innstillinger, kontrollpanel, etc. og Klikk til Avanserte innstillinger Klikk på Innkomande reglar og vidare på Ny regel... Følg vegvisaren og svar sånn her: Regeltype: Eigendefinert og Neste Tenester: Tilpass og vel "Bruk bare for tenester", OK og Neste ...

Abonner på firmware-oppdateringar til Ubiquiti EdgeRouter

Om du brukar Ubiquiti sin EdgeRouter, saknar du kanskje auto-oppdatering av firmware. Ubiquiti har diverre ikkje støtte for dette enno, så du må sjølv passa på å oppdatera når ny versjon er tilgjengeleg. Så... Korleis får du med deg om det har kome ny versjon? Svaret er (i følgje Ubiquiti) å abonnera på bloggen: Registrer deg til community.ubnt.com Klikk til Blogs ->  EdgeMAX Updates Blog Klikk Blog Options -> Subscribe Har du UniFi-utstyr, kan du abonnera på "UniFi Updates Blog" og sjå etter innlegg om "firmware" og "UAP". Kvar gong Ubiquiti postar ny firmware og oppdaterer bloggen, får du e-post til e-postadressa du brukte, når du registrerte deg. EdgeMAX er den svarte serien med switchar og rutere frå Ubiquiti. Når Ubiquiti gir ut ein ny versjon av firmware til EdgeMAX EdgeRouter, gjeld oppdateringa typisk for desse modellane: ERLite-3, ERPoe-5, ER-8, ERPro-8, EP-R8, ER-X, ER-X-SFP og EP-R6 UniFi er den kvite serien me...

Enkel VPN med Asus-ruter

Med ein Asus-ruter, kan du aktivera ei teneste som heiter PPTP. Når PPTP er aktivert, kan du kopla deg til heimenettverket ditt, sjølv om du er ute på farten. Eg tenkte å visa eit eksempel på oppsett av PPTP og tilkpling med iPhone. Oppsett for iPad og andre dingsar lignar veldig. Framgangsmåten Logg deg inn på Asus-rutern din (kanskje det er http://192.168.1.1) Klikk til VPN, VPN-server og PPTP Aktiver Skriv inn ønska brukarnamn Skriv inn passordet som du vil bruka (Hugs at passordet må vera langt og veldig godt/sterkt. Elles kan ukjente kopla seg til ditt private heime-nettverk) Klikk Bruk Så enkelt var det. No er det iPhone-en: Innstillinger -> Generelt -> VPN Legg til… Type: PPTP Beskrivelse: Det du sjølv vil. F.eks.: Heima Tjener: IP-adressa til WAN på Asus-ruteren Konto: Brukarnamnet du valde Passord: Passordet du valde Det var det heile. Når du no aktiverer VPN på iPhonen, og tilkoplinga er suksessfull, kjem det opp eit lite VPN-symbol i to...