Gå til hovedinnhold

Blokker ICMP frå enkelt-adresser i LAN (Win10)

Windows 10 (og bakover til Windows XP SP2) har ein innebygd brannmur som kan filtrera nettverkstrafikk. Om du forstår litt av TCP, UDP, ICMP, source IP, etc., så heng du kanskje med på denne:

Blokker ping frå enkelte IP-adresser i lokalnettverket

Om Windows-PCen er kopla til eit lokalt nettverk og til dømes har ei IPv4-adresser, kan ein annan nettverkstilkopla maskin (eller eining) senda ping-pakker (ICMP) som Windows-PCen svarar på.
Denne andre kan då sjå at PCen din er på og operativ.
Om du vil, kan du blokkera for ICMP i Windows-brannmuren.
Du kan også blokkera for enkelte IP-adresser.
Då kan andre få ping-svar frå deg, mens du blokker for nokon få.

Framgangsmåten

Søk opp Windows Brannmur via Windows-innstillinger, kontrollpanel, etc. og
Illustrasjon visar kvar i Windows-brannmuren ein skal klikka
  • Klikk til Avanserte innstillinger
  • Klikk på Innkomande reglar og vidare på Ny regel...
  • Følg vegvisaren og svar sånn her:
  • Regeltype: Eigendefinert og Neste
  • Tenester: Tilpass og vel "Bruk bare for tenester", OK og Neste
  • Protokolltype: ICMPv4 og Neste
  • Under eksterne IP-adresser klikkar du "Desse IP-adressene" og Legg til...
  • Skriv inn første og siste IP-adresse (eller spesifiser den eller dei du vil blokkera), OK og Neste
  • Klikk Blokker tilkoblingen og Neste
  • Bruk gjerne regelen på alle dei tre (Domene, Privat og Offentleg) og Neste
  • Gje regelen eit passande namn (til dømes: Blokker PING frå serveren) og Fullfør.
Om du hadde ein ping -t gåande frå den/dei som du no blokkerer til Windows-maskina der du la dette til på, vil du sjå at ping-svara uteblir når regelen er aktiv.

Var ikkje detta kjekt?

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Enkel VPN med Asus-ruter

Med ein Asus-ruter, kan du aktivera ei teneste som heiter PPTP. Når PPTP er aktivert, kan du kopla deg til heimenettverket ditt, sjølv om du er ute på farten. Eg tenkte å visa eit eksempel på oppsett av PPTP og tilkpling med iPhone. Oppsett for iPad og andre dingsar lignar veldig. Framgangsmåten Logg deg inn på Asus-rutern din (kanskje det er http://192.168.1.1) Klikk til VPN, VPN-server og PPTP Aktiver Skriv inn ønska brukarnamn Skriv inn passordet som du vil bruka (Hugs at passordet må vera langt og veldig godt/sterkt. Elles kan ukjente kopla seg til ditt private heime-nettverk) Klikk Bruk Så enkelt var det. No er det iPhone-en: Innstillinger -> Generelt -> VPN Legg til… Type: PPTP Beskrivelse: Det du sjølv vil. F.eks.: Heima Tjener: IP-adressa til WAN på Asus-ruteren Konto: Brukarnamnet du valde Passord: Passordet du valde Det var det heile. Når du no aktiverer VPN på iPhonen, og tilkoplinga er suksessfull, kjem det opp eit lite VPN-symbol i to...

Treng du eit tilfeldig tal?

Når ting ikkje kan løysast med stein, saks og papir, eller du må trekka eit tilfeldig tal, kan Google hjelpa. Om du søker etter orda random number generator i Google, får du opp ein generator og eit tilfeldig tal mellom 1 og 10. Her kan du endra etter ønske. Er du datateknikar og ønsker eit tilfeldig portnummer for ein TCP-port mellom 49152 og 65535? Enkelt. https://www.google.no/search?q=random+number+generator Vil du ha litt meir spenning i trekkinga, kan du bruka høge tal. Er det til dømes 16 deltakarar i fredagens vinlotteri, kan du trekka mellom 101000000 og 116999999. Den første deltakaren er 101..., den neste har 102..., osb. Når du så trykker "GENERER"-knappen, blar Google mellom ganske mange tal og landar til slutt på til dømes 112619233 som gir premie til nr. 12. Og om det blei for komplisert, kan du testa ut ei teneste som  http://wheeldecide.com Rull litt ned, skriv inn namna og trykk Apply Wheel Changes. Så er det berre å spinna i veg.

Emulator for TP-Link

Døme på emulering av AP300 via web Eg har tidlegare skrive om Asus si side for emulert oppsett av boksane deira. Her er TP-Link si emulator-side: tp-link.com/us/support/emulators Så om du prøver å hjelpa nokon per telefon, med å deaktivera WPS på ein AP300, så kan det vera ganske vanskeleg. Klikk inn på TP-Link si emulerings-side og start opp web-grensesnittet til den aktuelle boksen. Då er det enkelt å guida andre til kvar dei finn det som skal endras. Dette er også nyttig verktøy når ein skal sjå kva funksjonar som fins på dei ulike boksane, eller kva tilleggsval som fins.