Når ting ikkje kan løysast med stein, saks og papir, eller du må trekka eit tilfeldig tal, kan Google hjelpa. Om du søker etter orda random number generator i Google, får du opp ein generator og eit tilfeldig tal mellom 1 og 10.
Her kan du endra etter ønske. Er du datateknikar og ønsker eit tilfeldig portnummer for ein TCP-port mellom 49152 og 65535? Enkelt.
Her kan du endra etter ønske. Er du datateknikar og ønsker eit tilfeldig portnummer for ein TCP-port mellom 49152 og 65535? Enkelt.
Vil du ha litt meir spenning i trekkinga, kan du bruka høge tal. Er det til dømes 16 deltakarar i fredagens vinlotteri, kan du trekka mellom 101000000 og 116999999. Den første deltakaren er 101..., den neste har 102..., osb. Når du så trykker "GENERER"-knappen, blar Google mellom ganske mange tal og landar til slutt på til dømes 112619233 som gir premie til nr. 12.
Og om det blei for komplisert, kan du testa ut ei teneste som http://wheeldecide.com
Rull litt ned, skriv inn namna og trykk Apply Wheel Changes. Så er det berre å spinna i veg.
Kommentarer
Legg inn en kommentar