Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg med etiketten Chrome

Når Chrome eksternt skrivebord ikkje lenger vil "lima inn"

Om du brukar Google sitt verktøy for eksternt skrivebord - Chrome Remote Desktop, har du kanskje opplevd at utklippstavla ikkje lenger fungerer. Tekst du har kopiert lokalt, blir ikkje lenger limt inn i det eksterne skrivebordet. Og heller ikkje tekst du har kopiert frå det eksterne skrivebordet, lar seg lima inn lokalt. Aargh. Det ser ut til å vera ein bug. Framgangsmåten for å løysa problemet er: Klikk på Meny-knappen (tre prikkar, oppe til høgre i Chrome) Klikk på Innstillinger Søk etter Utklippstavle Klikk til Nettstedsinnstillinger Rull ned og klikk på Utklippstavle I og med at du har installert appen Chrome Remote Desktop, står dette under Tillat: https://remotedesktop.google.com:443 Fjern dette via meny-knappen (tre små prikkar til høgre på linja) Legg til dette: https://remotedesktop.google.com Hos meg fungerte utklippstavla via Chrome eksternt skrivebord umiddelbart etterpå. Kanskje du må starta nettlearen på ny? ...du ser... Du kan alltids prøva å f...

Søk etter virus med Google Chrome

No kan du søka på datamaskina etter uønska programvare med nettlesaren Google Chrome. Funksjonen fins via Innstillinger -> Avansert -> Rydd opp i datamaskinen (lengst ned). Alternativt kan du (med Chrome) surfa til  chrome://settings/cleanup Om du har mykje filer, kan det fort ta meir enn ein time å fullføra søket. Meir informasjon frå Google: www.google.com/chrome/cleanup-tool/ Ser du nøye etter, så ser du kanskje også at dette verktøyet fins for Android også...

Les Flash-basert lokalavis (f.eks. HF) i Chrome

Nettlesaren Google Chrome har stramma inn på bruken av Flash. Før fekk alle nettsider lov til å ha Flash-innhald, men no må sida først godkjennas. Det er nettlearen Chrome som har stramma inn, så når lokalavisa brukar Flash for å visa "PDF-avis" eller eAvis, må du inn i Chrome å gjer endringar. Google si oppskrift finn du her: https://support.google.com/chrome/answer/3123708?hl=no For min del, er det Hardanger Folkeblad eg ikkje for lest. Når eg klikkar meg inn til dagens eAvis, får eg opp dette: Eg tar då kopi av domenet (fram tom. .dk i mitt tilfelle) og går til Chrome sine Innstillinger . Der rullar eg ned og trykkar Avansert og så Innstillinger for innhold (under Personvern). Så rullar eg ned til Flash og trykker Unntak. Eg limar inn "http://www.e-pages.dk/" og trykker på knappen Ferdig. No fungerer eAvisa igjen, sjølv om den brukar Flash, og sjølv om eg brukar Chrome :-)