Gå til hovedinnhold

Innlegg

Blokker ICMP frå enkelt-adresser i LAN (Win10)

Windows 10 (og bakover til Windows XP SP2) har ein innebygd brannmur som kan filtrera nettverkstrafikk. Om du forstår litt av TCP, UDP, ICMP, source IP, etc., så heng du kanskje med på denne: Blokker ping frå enkelte IP-adresser i lokalnettverket Om Windows-PCen er kopla til eit lokalt nettverk og til dømes har ei IPv4-adresser, kan ein annan nettverkstilkopla maskin (eller eining) senda ping-pakker (ICMP) som Windows-PCen svarar på. Denne andre kan då sjå at PCen din er på og operativ. Om du vil, kan du blokkera for ICMP i Windows-brannmuren. Du kan også blokkera for enkelte IP-adresser. Då kan andre få ping-svar frå deg, mens du blokker for nokon få. Framgangsmåten Søk opp Windows Brannmur via Windows-innstillinger, kontrollpanel, etc. og Klikk til Avanserte innstillinger Klikk på Innkomande reglar og vidare på Ny regel... Følg vegvisaren og svar sånn her: Regeltype: Eigendefinert og Neste Tenester: Tilpass og vel "Bruk bare for tenester", OK og Neste
Nylige innlegg

Når Chrome eksternt skrivebord ikkje lenger vil "lima inn"

Om du brukar Google sitt verktøy for eksternt skrivebord - Chrome Remote Desktop, har du kanskje opplevd at utklippstavla ikkje lenger fungerer. Tekst du har kopiert lokalt, blir ikkje lenger limt inn i det eksterne skrivebordet. Og heller ikkje tekst du har kopiert frå det eksterne skrivebordet, lar seg lima inn lokalt. Aargh. Det ser ut til å vera ein bug. Framgangsmåten for å løysa problemet er: Klikk på Meny-knappen (tre prikkar, oppe til høgre i Chrome) Klikk på Innstillinger Søk etter Utklippstavle Klikk til Nettstedsinnstillinger Rull ned og klikk på Utklippstavle I og med at du har installert appen Chrome Remote Desktop, står dette under Tillat: https://remotedesktop.google.com:443 Fjern dette via meny-knappen (tre små prikkar til høgre på linja) Legg til dette: https://remotedesktop.google.com Hos meg fungerte utklippstavla via Chrome eksternt skrivebord umiddelbart etterpå. Kanskje du må starta nettlearen på ny? ...du ser... Du kan alltids prøva å f

Søk etter virus med Google Chrome

No kan du søka på datamaskina etter uønska programvare med nettlesaren Google Chrome. Funksjonen fins via Innstillinger -> Avansert -> Rydd opp i datamaskinen (lengst ned). Alternativt kan du (med Chrome) surfa til  chrome://settings/cleanup Om du har mykje filer, kan det fort ta meir enn ein time å fullføra søket. Meir informasjon frå Google: www.google.com/chrome/cleanup-tool/ Ser du nøye etter, så ser du kanskje også at dette verktøyet fins for Android også...

Sånn sjekker du https-sertifikatet til nettsida med Google Chrome

Når du har surfa til ei sikker web-side, brukar den https i staden for http. Https kan gjer det tryggare for deg å surfa på nettet. Du skal kunne stola på at innhaldet faktisk kjem frå rett kjelde, og du skal kunne vera trygg på at ingen andre kan sjå det du ser. Innhaldet på web-sida blir henta frå ein web-server hos ein tilbydar. Ta vg.no som døme. VG har https på nettavisa si. Du skal då kunne stola at innhaldet du ser på https://www.vg.no faktisk kjem frå VG og ikkje er manipulert eller endra av andre. På vegen frå VG sin server og heile vegen til nettlesaren på datamaskina di, er det fleire aktørar som kan ha hand om datatrafikken din. Med https skal du kunne stola på at dei som kan sjå eller tappa av datatrafikken, ikkje får sjå det du ser. Visar du sider med http, vil alle som ser på, eller tappar av datatrafikken kunne sjå det du ser. Men du må vita om https-sertifikatet er riktig, for å kunna stola på https. I nettlearen Google Chrome kan du klikka på den grøne