Døme på emulering av AP300 via web Eg har tidlegare skrive om Asus si side for emulert oppsett av boksane deira. Her er TP-Link si emulator-side: tp-link.com/us/support/emulators Så om du prøver å hjelpa nokon per telefon, med å deaktivera WPS på ein AP300, så kan det vera ganske vanskeleg. Klikk inn på TP-Link si emulerings-side og start opp web-grensesnittet til den aktuelle boksen. Då er det enkelt å guida andre til kvar dei finn det som skal endras. Dette er også nyttig verktøy når ein skal sjå kva funksjonar som fins på dei ulike boksane, eller kva tilleggsval som fins.
Ein teknisk blogg med variert innhald som kanskje kan vera til hjelp og nytte. Tips og triks, ein stad å samla informsajon eller få sagt noko som elles ville stå usagt.