Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra oktober, 2019

Blokker ICMP frå enkelt-adresser i LAN (Win10)

Windows 10 (og bakover til Windows XP SP2) har ein innebygd brannmur som kan filtrera nettverkstrafikk. Om du forstår litt av TCP, UDP, ICMP, source IP, etc., så heng du kanskje med på denne: Blokker ping frå enkelte IP-adresser i lokalnettverket Om Windows-PCen er kopla til eit lokalt nettverk og til dømes har ei IPv4-adresser, kan ein annan nettverkstilkopla maskin (eller eining) senda ping-pakker (ICMP) som Windows-PCen svarar på. Denne andre kan då sjå at PCen din er på og operativ. Om du vil, kan du blokkera for ICMP i Windows-brannmuren. Du kan også blokkera for enkelte IP-adresser. Då kan andre få ping-svar frå deg, mens du blokker for nokon få. Framgangsmåten Søk opp Windows Brannmur via Windows-innstillinger, kontrollpanel, etc. og Klikk til Avanserte innstillinger Klikk på Innkomande reglar og vidare på Ny regel... Følg vegvisaren og svar sånn her: Regeltype: Eigendefinert og Neste Tenester: Tilpass og vel "Bruk bare for tenester", OK og Neste

Når Chrome eksternt skrivebord ikkje lenger vil "lima inn"

Om du brukar Google sitt verktøy for eksternt skrivebord - Chrome Remote Desktop, har du kanskje opplevd at utklippstavla ikkje lenger fungerer. Tekst du har kopiert lokalt, blir ikkje lenger limt inn i det eksterne skrivebordet. Og heller ikkje tekst du har kopiert frå det eksterne skrivebordet, lar seg lima inn lokalt. Aargh. Det ser ut til å vera ein bug. Framgangsmåten for å løysa problemet er: Klikk på Meny-knappen (tre prikkar, oppe til høgre i Chrome) Klikk på Innstillinger Søk etter Utklippstavle Klikk til Nettstedsinnstillinger Rull ned og klikk på Utklippstavle I og med at du har installert appen Chrome Remote Desktop, står dette under Tillat: https://remotedesktop.google.com:443 Fjern dette via meny-knappen (tre små prikkar til høgre på linja) Legg til dette: https://remotedesktop.google.com Hos meg fungerte utklippstavla via Chrome eksternt skrivebord umiddelbart etterpå. Kanskje du må starta nettlearen på ny? ...du ser... Du kan alltids prøva å f