Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2017

Den gamle Teknisk-bloggen

Eg har tidlegare hatt fleire Teknsik-bloggar, men den forrige Teknsik-bloggen var denne på Origo: teknisk.ofring.no  ( Kopi hos archive.org ) Origo er lagt ned, men dei gamle tinga får leva vidare. Siste innlegg i Teknisk-bloggen på Origo, var den 30. juni 2016. Den nye teknisk-bloggen får kanskje namnet teknisk.ofring.no etter kvart, men då mistar eg jo alle peikarane til den gamle bloggen på Origo, så inntil vidare, er den nye bloggen her: teknsk.blogspot.no

Abonner på firmware-oppdateringar til Ubiquiti EdgeRouter

Om du brukar Ubiquiti sin EdgeRouter, saknar du kanskje auto-oppdatering av firmware. Ubiquiti har diverre ikkje støtte for dette enno, så du må sjølv passa på å oppdatera når ny versjon er tilgjengeleg. Så... Korleis får du med deg om det har kome ny versjon? Svaret er (i følgje Ubiquiti) å abonnera på bloggen: Registrer deg til community.ubnt.com Klikk til Blogs ->  EdgeMAX Updates Blog Klikk Blog Options -> Subscribe Har du UniFi-utstyr, kan du abonnera på "UniFi Updates Blog" og sjå etter innlegg om "firmware" og "UAP". Kvar gong Ubiquiti postar ny firmware og oppdaterer bloggen, får du e-post til e-postadressa du brukte, når du registrerte deg. EdgeMAX er den svarte serien med switchar og rutere frå Ubiquiti. Når Ubiquiti gir ut ein ny versjon av firmware til EdgeMAX EdgeRouter, gjeld oppdateringa typisk for desse modellane: ERLite-3, ERPoe-5, ER-8, ERPro-8, EP-R8, ER-X, ER-X-SFP og EP-R6 UniFi er den kvite serien me