Om du brukar Ubiquiti sin EdgeRouter, saknar du kanskje auto-oppdatering av firmware. Ubiquiti har diverre ikkje støtte for dette enno, så du må sjølv passa på å oppdatera når ny versjon er tilgjengeleg. Så... Korleis får du med deg om det har kome ny versjon? Svaret er (i følgje Ubiquiti) å abonnera på bloggen: Registrer deg til community.ubnt.com Klikk til Blogs -> EdgeMAX Updates Blog Klikk Blog Options -> Subscribe Har du UniFi-utstyr, kan du abonnera på "UniFi Updates Blog" og sjå etter innlegg om "firmware" og "UAP". Kvar gong Ubiquiti postar ny firmware og oppdaterer bloggen, får du e-post til e-postadressa du brukte, når du registrerte deg. EdgeMAX er den svarte serien med switchar og rutere frå Ubiquiti. Når Ubiquiti gir ut ein ny versjon av firmware til EdgeMAX EdgeRouter, gjeld oppdateringa typisk for desse modellane: ERLite-3, ERPoe-5, ER-8, ERPro-8, EP-R8, ER-X, ER-X-SFP og EP-R6 UniFi er den kvite serien me...
Kommentarer
Legg inn en kommentar