Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg med etiketten Windows

Blokker ICMP frå enkelt-adresser i LAN (Win10)

Windows 10 (og bakover til Windows XP SP2) har ein innebygd brannmur som kan filtrera nettverkstrafikk. Om du forstår litt av TCP, UDP, ICMP, source IP, etc., så heng du kanskje med på denne: Blokker ping frå enkelte IP-adresser i lokalnettverket Om Windows-PCen er kopla til eit lokalt nettverk og til dømes har ei IPv4-adresser, kan ein annan nettverkstilkopla maskin (eller eining) senda ping-pakker (ICMP) som Windows-PCen svarar på. Denne andre kan då sjå at PCen din er på og operativ. Om du vil, kan du blokkera for ICMP i Windows-brannmuren. Du kan også blokkera for enkelte IP-adresser. Då kan andre få ping-svar frå deg, mens du blokker for nokon få. Framgangsmåten Søk opp Windows Brannmur via Windows-innstillinger, kontrollpanel, etc. og Klikk til Avanserte innstillinger Klikk på Innkomande reglar og vidare på Ny regel... Følg vegvisaren og svar sånn her: Regeltype: Eigendefinert og Neste Tenester: Tilpass og vel "Bruk bare for tenester", OK og Neste ...

Når nedlastingar-mappa er "treig"

Har du opplevd i Windows, at det kan ta uforståeleg lang tid å visa Nedlastinger-mappa? Det skjer på datamaskiner som eg brukar. Når eg har lasta ned ei fil, ligg den sortert på dato i mappa Nedlastinger. Kanskje eg vil skanna fila med virustotal.com , men når eg "blar" etter siste fil i Nedlastinger-mappa, blir maskina ståande å jobba... Løysinga kan vera å setja mappetypen  for Nedlastinger-mappa til "Generelle element": Start Filutforsker eller klikk til Min Datamaskin i Windows Høgreklikk på mappa Nedlastinger og sei Egenskaper Klikk til fana Tipass og "Optimaliser denne mappa for": Generelle element Sjå til at du har hake i boksen for å bruka på undermapper og trykk OK Då skal du kunne bla til nedlastinger-mappa i Windows, utan at maskina startar på ein tung jobb.