Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg med etiketten Wi-Fi

Apple har gode råd om Wifi-oppsett

Skal du setja opp ein trådlaus ruter eller eit trådlaust aksesspunkt? Då har Apple ei veldig god oppsummering over ting du kan eller bør passa på. Her er mykje god informasjon. Mangen av problema som folk får med Wi-Fi kunne vert unngått om dei hadde oppdaga denne sida før  dei satt opp sitt trådlause utstyr. https://support.apple.com/no-no/HT202068 PS! Dette gjeld for alle typar trådlause sendarar, ikkje berre for Apple sitt utstyr.

Oversikt over mobile dingsar og kva dei støttar

I supportsamanheng har gjerne den som treng hjelp ein spesifik mobiltelefon eller eit nettbrett. Enkelte gongar kan det vera nyttig å finna ut meir eksakt kva den spesifike dingsen faktisk støttar. Då kan ein leita på gsmarena.com og sjå om dingsen faktisk støttar 802.11ac eller om det er dualband (2,4 og  5 GHz) -støtte. gsmarena.com Bruk søkefeltet i toppen, eller bla via "Phone finder" Om dingsen fins i fleire versjonar eller variantar, kan du spesifisera dette i toppen av lista. Alt om Wi-Fi er lista opp under "COMMS", der dette er dei esensielle detaljane: Wi-Fi 802.11 a/b/g/n/ac, dual-band, hotspot a - 54 Mbps 5 GHz, lite brukt i utstyr for privat bruk b - 11 Mbps 2,4 GHz, som så godt som alt Wi-Fi-utstyr støttar g - 54 Mbps 2,4 GHz, med utbreidd støtte n - 54 - 600 Mbps på 2,4 eller 5 GHz og støtte for samtidig sending og mottak på ulike kanalar ac - 433 - 6 770 Mbps på 5 GHz via ulik kanalbreidde og samtidige kanalar dual-band - støt...