I supportsamanheng har gjerne den som treng hjelp ein spesifik mobiltelefon eller eit nettbrett. Enkelte gongar kan det vera nyttig å finna ut meir eksakt kva den spesifike dingsen faktisk støttar.
Då kan ein leita på gsmarena.com og sjå om dingsen faktisk støttar 802.11ac eller om det er dualband (2,4 og 5 GHz) -støtte.
Då kan ein leita på gsmarena.com og sjå om dingsen faktisk støttar 802.11ac eller om det er dualband (2,4 og 5 GHz) -støtte.
Bruk søkefeltet i toppen, eller bla via "Phone finder"
Om dingsen fins i fleire versjonar eller variantar, kan du spesifisera dette i toppen av lista.
Alt om Wi-Fi er lista opp under "COMMS", der dette er dei esensielle detaljane:
Wi-Fi 802.11 a/b/g/n/ac, dual-band, hotspot
- a - 54 Mbps 5 GHz, lite brukt i utstyr for privat bruk
- b - 11 Mbps 2,4 GHz, som så godt som alt Wi-Fi-utstyr støttar
- g - 54 Mbps 2,4 GHz, med utbreidd støtte
- n - 54 - 600 Mbps på 2,4 eller 5 GHz og støtte for samtidig sending og mottak på ulike kanalar
- ac - 433 - 6 770 Mbps på 5 GHz via ulik kanalbreidde og samtidige kanalar
- dual-band - støtte for både 2,4 GHz og for 5 GHz
- hotspot - kan operera som trådlaus sendar der andre kan bruka Wi-Fi for å kopla seg til mobilen og nå Internett via mobildata
Sjekk Wikipedia for fleire detaljar.
Kommentarer
Legg inn en kommentar