Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra november, 2017

Lesbar vising av meldingshovud (frå e-post)

Har du nokon gongar prøvd å lesa e-postmeldinga sine meldingshovud? Der fins detaljar om avsender, klokkeslett, referansar og mykje anna. Problemet er at formatet på original-teksten til e-postmeldinga (“meldingshode”) er lite venleg. Google sin “Toolbox” for Google Apps har eit ganske kjekt verktøy for å tolka meldingshovud. toolbox.googleapps.com Kopier meldingshovud eller meldingsoriginalen og lim teksten inn i verktøyet til Google for den her type resultat: (klikk for stort) Google visar detaljar om avsendar og mottakar, bruk av spam-vern (SPF, etc.) og tidspunkt. Du får sjå løypa som er fulgt, og kor lang tid kvart steg på vegen har teke. Mykje meir oversiktleg enn tradisjonell vising av meldingshovud: Tips: Om du brukar Gmail, kan du visa meldingshovudet til ei melding når du trykker ned den vetle pila til høgre for ei melding (som er open) og seier "Vis originalen"

Sjekk mobiloperatøren til mobiltelefonnummeret

Du har kanskje landa på dette blogginnlegget fordi du ønskjer å finna ut kva for ein operatør som har eit gitt mobiltelefonnummer. Du veit kanskje telefonnummeret og ønskjer å vita om det er hos Telenor, Chess, OneCall, Ice, Hello, Phonero, Telia, etc. Som telenormobil-kunde, eller om du har mobiltelefon i Telenor sitt mobilnett, kan du sjekka dette sjølv: Bruk mobiltelefonen din og ring 1945 etterfulgt av mobilnummeret du vil sjekka. Ring f.eks. 194591509001 Merk at dette ikkje fungerer frå fast-telefon, og det fungerer nok ikkje frå andre mobilabonnement enn dei som er i Telenor sitt mobilnett. Ei stemme skal då lesa opp noko sånt som: "Nummeret du har tastet tilhører ..... i .....s nett" Dette tipset kan hjelpa deg å avgjer kva pris du kanskje må betala, om du har teljarsteg eller ringekostnad for å ringa til enkelte operatørar.