Du har kanskje landa på dette blogginnlegget fordi du ønskjer å finna ut kva for ein operatør som har eit gitt mobiltelefonnummer. Du veit kanskje telefonnummeret og ønskjer å vita om det er hos Telenor, Chess, OneCall, Ice, Hello, Phonero, Telia, etc.
Som telenormobil-kunde, eller om du har mobiltelefon i Telenor sitt mobilnett, kan du sjekka dette sjølv:
Som telenormobil-kunde, eller om du har mobiltelefon i Telenor sitt mobilnett, kan du sjekka dette sjølv:
- Bruk mobiltelefonen din og ring 1945 etterfulgt av mobilnummeret du vil sjekka.
Ring f.eks. 194591509001
Merk at dette ikkje fungerer frå fast-telefon, og det fungerer nok ikkje frå andre mobilabonnement enn dei som er i Telenor sitt mobilnett.
Ei stemme skal då lesa opp noko sånt som:
"Nummeret du har tastet tilhører ..... i .....s nett"
Dette tipset kan hjelpa deg å avgjer kva pris du kanskje må betala, om du har teljarsteg eller ringekostnad for å ringa til enkelte operatørar.
Kommentarer
Legg inn en kommentar