Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juni, 2017

Oversikt over mobile dingsar og kva dei støttar

I supportsamanheng har gjerne den som treng hjelp ein spesifik mobiltelefon eller eit nettbrett. Enkelte gongar kan det vera nyttig å finna ut meir eksakt kva den spesifike dingsen faktisk støttar. Då kan ein leita på gsmarena.com og sjå om dingsen faktisk støttar 802.11ac eller om det er dualband (2,4 og  5 GHz) -støtte. gsmarena.com Bruk søkefeltet i toppen, eller bla via "Phone finder" Om dingsen fins i fleire versjonar eller variantar, kan du spesifisera dette i toppen av lista. Alt om Wi-Fi er lista opp under "COMMS", der dette er dei esensielle detaljane: Wi-Fi 802.11 a/b/g/n/ac, dual-band, hotspot a - 54 Mbps 5 GHz, lite brukt i utstyr for privat bruk b - 11 Mbps 2,4 GHz, som så godt som alt Wi-Fi-utstyr støttar g - 54 Mbps 2,4 GHz, med utbreidd støtte n - 54 - 600 Mbps på 2,4 eller 5 GHz og støtte for samtidig sending og mottak på ulike kanalar ac - 433 - 6 770 Mbps på 5 GHz via ulik kanalbreidde og samtidige kanalar dual-band - støt

Øv deg i oppsett av ASUS-ruter - Emulator

Asus har det web-baserte grensesnittet ASUSWRT på mesteparten av sine ruter-modellar. Om du ønskjer å øva deg, eller (som eg) skal rett-leia nokon per telefon, kan du bruka denne "dummy-sida" til å sjå korleis ting er plassert og kvar du finn dei ulike funksjonane: event.asus.com/2012/nw/dummy_ui/en/ Oppe til høgre kan du tom. skifta spårk til norsk. Skal du hjelpa nokon per telefon å laga portforward, setja opp VPN, aktivera QoS eller få AiDisk til å virka, kan du sjå på Asus-dummyen, samtidig som den du hjelper er innlogga på sin eigen ruter. Fancy!