På jakt etter ny bil, prøver eg å orientera meg om aktuelt tilbehør som fins til Passat sin GTE. Som ein del av den såkalla "Businesspakken" får ein med noko som heiter "Dynamisk lyskjegleregulering". Eg hadde aldri hørt om lyskjegleregulering og søkte sjølvsagt på Google. Det einaste treffet eg fekk, var: https://www.volkswagen.no/no/bilmodeller/passat-stasjonsvogn.html Etter ein runde med forhandlare, får eg vita at ordet ikkje er ein skrivefeil. Lysa på Passat vert automatisk regulert i breidde og lengde, etter kva fart bilen har. Køyrer ein seint, vert meir av breidda opplyst. Køyrer ein raskare, vert lysa smalna inn og rekk lenger fram. Makalaust! :-) Dette er dog ikkje det same som dynamisk lysassistent. Det er funksjonen som blendar ned for møtande trafikk automatisk. Systemet er omtalt, her: https://youtu.be/PgBw_arfOHY PS! No når eg har publisert eit blogginnlegg om lyskjegleregulering , vil det finnas to sider på Internett som inneheld orde...
Ein teknisk blogg med variert innhald som kanskje kan vera til hjelp og nytte. Tips og triks, ein stad å samla informsajon eller få sagt noko som elles ville stå usagt.