Gå til hovedinnhold

Dynamisk lyskjegleregulering, ingen skrivefeil

På jakt etter ny bil, prøver eg å orientera meg om aktuelt tilbehør som fins til Passat sin GTE. Som ein del av den såkalla "Businesspakken" får ein med noko som heiter "Dynamisk lyskjegleregulering".

Eg hadde aldri hørt om lyskjegleregulering og søkte sjølvsagt på Google.
Det einaste treffet eg fekk, var:
https://www.volkswagen.no/no/bilmodeller/passat-stasjonsvogn.html

Etter ein runde med forhandlare, får eg vita at ordet ikkje er ein skrivefeil.
Lysa på Passat vert automatisk regulert i breidde og lengde, etter kva fart bilen har. Køyrer ein seint, vert meir av breidda opplyst. Køyrer ein raskare, vert lysa smalna inn og rekk lenger fram.

Makalaust! :-)

Dette er dog ikkje det same som dynamisk lysassistent. Det er funksjonen som blendar ned for møtande trafikk automatisk. Systemet er omtalt, her: https://youtu.be/PgBw_arfOHY

PS! No når eg har publisert eit blogginnlegg om lyskjegleregulering, vil det finnas to sider på Internett som inneheld ordet. Så om du søkte etter lyskjegleregulering og fann denne sida, fekk eg fulltreff :-)

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Treng du eit tilfeldig tal?

Når ting ikkje kan løysast med stein, saks og papir, eller du må trekka eit tilfeldig tal, kan Google hjelpa. Om du søker etter orda random number generator i Google, får du opp ein generator og eit tilfeldig tal mellom 1 og 10. Her kan du endra etter ønske. Er du datateknikar og ønsker eit tilfeldig portnummer for ein TCP-port mellom 49152 og 65535? Enkelt. https://www.google.no/search?q=random+number+generator Vil du ha litt meir spenning i trekkinga, kan du bruka høge tal. Er det til dømes 16 deltakarar i fredagens vinlotteri, kan du trekka mellom 101000000 og 116999999. Den første deltakaren er 101..., den neste har 102..., osb. Når du så trykker "GENERER"-knappen, blar Google mellom ganske mange tal og landar til slutt på til dømes 112619233 som gir premie til nr. 12. Og om det blei for komplisert, kan du testa ut ei teneste som  http://wheeldecide.com Rull litt ned, skriv inn namna og trykk Apply Wheel Changes. Så er det berre å spinna i veg.

Enkel VPN med Asus-ruter

Med ein Asus-ruter, kan du aktivera ei teneste som heiter PPTP. Når PPTP er aktivert, kan du kopla deg til heimenettverket ditt, sjølv om du er ute på farten. Eg tenkte å visa eit eksempel på oppsett av PPTP og tilkpling med iPhone. Oppsett for iPad og andre dingsar lignar veldig. Framgangsmåten Logg deg inn på Asus-rutern din (kanskje det er http://192.168.1.1) Klikk til VPN, VPN-server og PPTP Aktiver Skriv inn ønska brukarnamn Skriv inn passordet som du vil bruka (Hugs at passordet må vera langt og veldig godt/sterkt. Elles kan ukjente kopla seg til ditt private heime-nettverk) Klikk Bruk Så enkelt var det. No er det iPhone-en: Innstillinger -> Generelt -> VPN Legg til… Type: PPTP Beskrivelse: Det du sjølv vil. F.eks.: Heima Tjener: IP-adressa til WAN på Asus-ruteren Konto: Brukarnamnet du valde Passord: Passordet du valde Det var det heile. Når du no aktiverer VPN på iPhonen, og tilkoplinga er suksessfull, kjem det opp eit lite VPN-symbol i to

Søk etter virus med Google Chrome

No kan du søka på datamaskina etter uønska programvare med nettlesaren Google Chrome. Funksjonen fins via Innstillinger -> Avansert -> Rydd opp i datamaskinen (lengst ned). Alternativt kan du (med Chrome) surfa til  chrome://settings/cleanup Om du har mykje filer, kan det fort ta meir enn ein time å fullføra søket. Meir informasjon frå Google: www.google.com/chrome/cleanup-tool/ Ser du nøye etter, så ser du kanskje også at dette verktøyet fins for Android også...