Gå til hovedinnhold

Abonner på firmware-oppdateringar til Ubiquiti EdgeRouter

Om du brukar Ubiquiti sin EdgeRouter, saknar du kanskje auto-oppdatering av firmware.
Ubiquiti har diverre ikkje støtte for dette enno, så du må sjølv passa på å oppdatera når ny versjon er tilgjengeleg.

Så...

Korleis får du med deg om det har kome ny versjon?

Svaret er (i følgje Ubiquiti) å abonnera på bloggen:

  1. Registrer deg til community.ubnt.com
  2. Klikk til Blogs -> EdgeMAX Updates Blog
  3. Klikk Blog Options -> Subscribe
Har du UniFi-utstyr, kan du abonnera på "UniFi Updates Blog" og sjå etter innlegg om "firmware" og "UAP".

Kvar gong Ubiquiti postar ny firmware og oppdaterer bloggen, får du e-post til e-postadressa du brukte, når du registrerte deg.

EdgeMAX er den svarte serien med switchar og rutere frå Ubiquiti. Når Ubiquiti gir ut ein ny versjon av firmware til EdgeMAX EdgeRouter, gjeld oppdateringa typisk for desse modellane: ERLite-3, ERPoe-5, ER-8, ERPro-8, EP-R8, ER-X, ER-X-SFP og EP-R6

UniFi er den kvite serien med aksesspunkt av typen: AP AC LITE, AP AC LR, AP AC PRO, AP AC HD, AP AC EDU, Mesh og In-Wall.

UniFi-utstyr fungerer fint bak EdgeMAX-utstyr, men om du har ein Cloud Key, så kan den kun "styra" UniFi-utstyr, ikkje EdgeMAX-utstyr.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Treng du eit tilfeldig tal?

Når ting ikkje kan løysast med stein, saks og papir, eller du må trekka eit tilfeldig tal, kan Google hjelpa. Om du søker etter orda random number generator i Google, får du opp ein generator og eit tilfeldig tal mellom 1 og 10. Her kan du endra etter ønske. Er du datateknikar og ønsker eit tilfeldig portnummer for ein TCP-port mellom 49152 og 65535? Enkelt. https://www.google.no/search?q=random+number+generator Vil du ha litt meir spenning i trekkinga, kan du bruka høge tal. Er det til dømes 16 deltakarar i fredagens vinlotteri, kan du trekka mellom 101000000 og 116999999. Den første deltakaren er 101..., den neste har 102..., osb. Når du så trykker "GENERER"-knappen, blar Google mellom ganske mange tal og landar til slutt på til dømes 112619233 som gir premie til nr. 12. Og om det blei for komplisert, kan du testa ut ei teneste som  http://wheeldecide.com Rull litt ned, skriv inn namna og trykk Apply Wheel Changes. Så er det berre å spinna i veg.

Enkel VPN med Asus-ruter

Med ein Asus-ruter, kan du aktivera ei teneste som heiter PPTP. Når PPTP er aktivert, kan du kopla deg til heimenettverket ditt, sjølv om du er ute på farten. Eg tenkte å visa eit eksempel på oppsett av PPTP og tilkpling med iPhone. Oppsett for iPad og andre dingsar lignar veldig. Framgangsmåten Logg deg inn på Asus-rutern din (kanskje det er http://192.168.1.1) Klikk til VPN, VPN-server og PPTP Aktiver Skriv inn ønska brukarnamn Skriv inn passordet som du vil bruka (Hugs at passordet må vera langt og veldig godt/sterkt. Elles kan ukjente kopla seg til ditt private heime-nettverk) Klikk Bruk Så enkelt var det. No er det iPhone-en: Innstillinger -> Generelt -> VPN Legg til… Type: PPTP Beskrivelse: Det du sjølv vil. F.eks.: Heima Tjener: IP-adressa til WAN på Asus-ruteren Konto: Brukarnamnet du valde Passord: Passordet du valde Det var det heile. Når du no aktiverer VPN på iPhonen, og tilkoplinga er suksessfull, kjem det opp eit lite VPN-symbol i to

Søk etter virus med Google Chrome

No kan du søka på datamaskina etter uønska programvare med nettlesaren Google Chrome. Funksjonen fins via Innstillinger -> Avansert -> Rydd opp i datamaskinen (lengst ned). Alternativt kan du (med Chrome) surfa til  chrome://settings/cleanup Om du har mykje filer, kan det fort ta meir enn ein time å fullføra søket. Meir informasjon frå Google: www.google.com/chrome/cleanup-tool/ Ser du nøye etter, så ser du kanskje også at dette verktøyet fins for Android også...