Om du brukar Google sitt verktøy for eksternt skrivebord - Chrome Remote Desktop, har du kanskje opplevd at utklippstavla ikkje lenger fungerer. Tekst du har kopiert lokalt, blir ikkje lenger limt inn i det eksterne skrivebordet. Og heller ikkje tekst du har kopiert frå det eksterne skrivebordet, lar seg lima inn lokalt. Aargh.
Det ser ut til å vera ein bug.
Framgangsmåten for å løysa problemet er:
Det ser ut til å vera ein bug.
Framgangsmåten for å løysa problemet er:
- Klikk på Meny-knappen (tre prikkar, oppe til høgre i Chrome)
- Klikk på Innstillinger
- Søk etter Utklippstavle
- Klikk til Nettstedsinnstillinger
- Rull ned og klikk på Utklippstavle
- I og med at du har installert appen Chrome Remote Desktop, står dette under Tillat:
https://remotedesktop.google.com:443 - Fjern dette via meny-knappen (tre små prikkar til høgre på linja)
- Legg til dette:
https://remotedesktop.google.com
Hos meg fungerte utklippstavla via Chrome eksternt skrivebord umiddelbart etterpå.
Kanskje du må starta nettlearen på ny? ...du ser...
Du kan alltids prøva å fjerna appen Chrome Remote Desktop frå chrome://extensions/ (opne den i Chrome), starta nettlearen på ny og så installera appen på ny via remotedesktop.google.com/access. Det vil kanskje også fungera :-)
Kommentarer
Legg inn en kommentar