Gå til hovedinnhold

Innlegg

Søk etter virus med Google Chrome

No kan du søka på datamaskina etter uønska programvare med nettlesaren Google Chrome. Funksjonen fins via Innstillinger -> Avansert -> Rydd opp i datamaskinen (lengst ned). Alternativt kan du (med Chrome) surfa til  chrome://settings/cleanup Om du har mykje filer, kan det fort ta meir enn ein time å fullføra søket. Meir informasjon frå Google: www.google.com/chrome/cleanup-tool/ Ser du nøye etter, så ser du kanskje også at dette verktøyet fins for Android også...

Sånn sjekker du https-sertifikatet til nettsida med Google Chrome

Når du har surfa til ei sikker web-side, brukar den https i staden for http. Https kan gjer det tryggare for deg å surfa på nettet. Du skal kunne stola på at innhaldet faktisk kjem frå rett kjelde, og du skal kunne vera trygg på at ingen andre kan sjå det du ser. Innhaldet på web-sida blir henta frå ein web-server hos ein tilbydar. Ta vg.no som døme. VG har https på nettavisa si. Du skal då kunne stola at innhaldet du ser på https://www.vg.no faktisk kjem frå VG og ikkje er manipulert eller endra av andre. På vegen frå VG sin server og heile vegen til nettlesaren på datamaskina di, er det fleire aktørar som kan ha hand om datatrafikken din. Med https skal du kunne stola på at dei som kan sjå eller tappa av datatrafikken, ikkje får sjå det du ser. Visar du sider med http, vil alle som ser på, eller tappar av datatrafikken kunne sjå det du ser. Men du må vita om https-sertifikatet er riktig, for å kunna stola på https. I nettlearen Google Chrome kan du klikka på den grøne ...