Har du opplevd i Windows, at det kan ta uforståeleg lang tid å visa Nedlastinger-mappa? Det skjer på datamaskiner som eg brukar. Når eg har lasta ned ei fil, ligg den sortert på dato i mappa Nedlastinger. Kanskje eg vil skanna fila med virustotal.com , men når eg "blar" etter siste fil i Nedlastinger-mappa, blir maskina ståande å jobba... Løysinga kan vera å setja mappetypen for Nedlastinger-mappa til "Generelle element": Start Filutforsker eller klikk til Min Datamaskin i Windows Høgreklikk på mappa Nedlastinger og sei Egenskaper Klikk til fana Tipass og "Optimaliser denne mappa for": Generelle element Sjå til at du har hake i boksen for å bruka på undermapper og trykk OK Då skal du kunne bla til nedlastinger-mappa i Windows, utan at maskina startar på ein tung jobb.
Ein teknisk blogg med variert innhald som kanskje kan vera til hjelp og nytte. Tips og triks, ein stad å samla informsajon eller få sagt noko som elles ville stå usagt.